Taushet tar liv – kampanjestart i Florø

Kampanjen ”Taushet tar liv” vart markert på Krisesenteret i Sogn og Fjordane 1. desember. Mange samarbeidspartar og etatar var samla til lunsj, og innlegga og  diskusjonane rundt bordet gjekk på tema ”korleis førebygge dødeleg vald i nære relasjonar”. Det er likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), som saman med Krisesentersekretariatet har fått innvilga tilskotsmidlar til kampanjen – og som inviterte til kampanjestart saman med Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

– Dette angår oss alle, anten vi høyrer til ein etat, eit politisk parti – eller er berre vanlege folk, og vi må alle bry oss, innleia Wenche Skorpen Hovland med. Ho er dagleg leiar på krisesenteret her i fylket, og gav sine samarbeidspartar gode skussmål. Vi har eit fantastisk samarbeid med Politiet sa ho, og det er mykje kompetanse i fylket. Ho la samtidig vekt på at det framleis finst ein del manglar hos enkelte når det gjeld fenomenforståing.

Manglar fenomenforståing
Wenche S. Hovland fortalde ei historie som illustrerte det som ofte kan vere ein realitet. Krisesenteret fekk ein dag telefon frå ein lensmann som ville snakke med ei dame som hadde søkt tilflukt der saman med borna sine – på grunn av grov fysisk og psykisk vald frå ektemannen. Mellom anna hadde eit av barna blitt stengt inne i fryseboksen. Lensmannen som hadde kjent husfaren i alle år fekk snakke med ho. Ho fekk ei overhøvling og beskjed om at ho måtte komme seg heim igjen, for her sat mannen hennar heilt knust. Dette vitnar om mangel på forståing  – som ofte har sin bakgrunn i at slike ting snakkar vi ikkje om – og det er utruleg at det skal vere slik i dag.

Krev havarikommisjon
Mona Larsen-Asp som er avdelingsleiar hos LDO sa i si innleiing at kvart fjerde drap i Norge er eit partnerdrap. I dei fleste tilfelle har det vore registrert vald i familien i forkant. Den viktigaste jobben vi har å gjere er å førebygge vald i nære relasjonar. Vi har utfordra justisminister Anundsen til å få på plass ein ”havarikommisjon” som trår til ved slike krisesituasjonar. Han har lovt å sette ned ei ekspertgruppe – og vi står på til det er kome på plass.

Overlever – men misser alt
Dei beskyttande tiltaka vi har i dag er besøksforbod, voldsalarm, hemmeleg adresse og såkalla kode 6 – der folk ”går under jorda”. Folk reddar livet sitt, men dei misser alt anna, sa Mona Larsen-Asp. Dei utsette – først og fremst kvinner og born –  misser det som gjer livet meining, medan valdsutøvaren går fri. Samfunnet burde heller satse på tiltak som rettar seg mot overgriparen. Fotlenke og tett oppfølging av Politiet ville vore meir effektivt. – Samfunnsoppdraget er å stogge dei som slår. No er det slik at folk må flykte frå heimen – som skal vere den tryggaste plassen ein har.

Livet går til helvete
Det er 3 personar i Norge som går med fotlenke på grunn av familievald og besøksforbod, sa Tove Smaadahl frå Krisesentersekretariatet. Samtidig er det 850 born og vaksne som lever i skjul i Norge – etter kode 6. Leiaren for Krisesentersekretariatet sa det med reine ord; Livet går til helvete for mange av desse. Ein kjem ikkje heilskinna gjennom livet når ein lever i skjul og på flukt – med ukjent adresse og identitet – og ikkje minst livet med angsten for å bli oppdaga.

Meir varetekt
Kjell Magne Barsnes frå Politiet sa at bruk av varetekt burde prioriterast meir, og så er det viktig å sikre seg informasjon tidleg når noko skjer. I Oslo har talet på partnerdrap gått ned etter at Politiet implementerte analyseverktøyet SARA – som medverkar til å avdekke og forebygge vald i nære relasjonar på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. – Denne metoden brukar vi også her i Florø sa Barsnes, men la samtidig vekt på at ein kan bli endå flinkare. Det er ingen her i fylket som har ein såkalla omvendt valdsalarm (fotlenke). Dessverre så er det slik at brot på besøksforbod også er eit stort problem. Truleg har dette med kapasitet å gjere sa representantane frå Politiet.

Vi treng Barnehus
Gry Ommedal frå barnevernet i Florø fortalde om deira utfordringar med born som er utsette for vald. Det er tungvint og utruleg ressurskrevjande – og ei stor påkjenning for borna – å måtte reise til Barnehuset i Bergen. Vi ønskjer å få på plass eit slikt tilbod her i fylket. Siv Førde Refsnes som er styreleiar i Krisesenteret la vekt på at vi alle kan løfte i lag. Det er viktig at vi torer å snakke med borna om det som skjer – så kan vi alle gjere ein forskjell.

Still dei rette spørsmåla
Du ser det ikkje før du trur det, sa kommuneoverleg Øystein Furnes frå Førde – som også repesenterer Overgrepsmottaket i Førde. Det er ikkje så enkelt når vi alle bur i små samfunn – der alle kjenner alle. Skamma er djupt forankra i samfunnet vårt – difor er det viktig å tore å stille spørsmål. Han og fleire stilte spørsmål ved om vi er flinke nok til å stille dei rette og dei direkte spørsmåla. Ein må ha faste rutinar der ein spør uansett – ”er du utsett for vald?”

Gullstandard skal redde liv
Gode rutinar og systematisk førebygging kan hindre at valden endar med drap, sa Tove Smaadahl og overrekte ein liten koffert med ein 12 punkts gullstandard –  til Kjell Magne Barsnes frå Politiet og Karianne Torvanger frå Flora kommune. Vi krev eit skikkeleg løft i arbeidet mot vald og partnerdrap. Politiet skal sørge for at kvinner og born er trygge i eigen heim.