Ledig stilling dagleg leiar

Ledig stilling – dagleg leiar

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit gratis døgnope lågterskeltilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vold i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Florø og har 11 faste tilsette.

Leiar ved Krisesenteret går av med pensjon ved årsskiftet.  Vi søker difor etter ein ny dagleg leiar frå 1. januar 2020.  Dagleg leiar har ansvaret for dagleg drift og skal leie verksemda i samsvar med lover, forskrifter og vedtekter, samt fylgje retningslinjer og gjennomføre og fylgje opp styrevedtak.

Vi søker etter ein person som er modig, tillitvekkande, strategisk, inkluderande, relasjonsskapande og flink til å ta initiativ.

Ansvar og arbeidsoppgåver, m.a:

  • Budsjett og økonomistyring
  • Personalansvar
  • Førebuing av styresaker og rapportering til styret
  • Utvikling av verksemda og krisesentertilbodet og arbeide for å oppnå visjonar og mål.
  • Representere Krisesenteret i media, i kontakt med samarbeidspartar og samfunnet generelt.
  • Drive informasjonsarbeid og halde føredrag om vold i nære relasjonar og om krisesentertilbodet.
  • Samarbeide med vertskommunen som er oppdragsgivar, andre kommunar og hjelpeinstansar.
  • HMS og internkontroll
  • Brukarretta arbeid

Utdanning/kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • Må kunne snakke engelsk
  • Førarkort
  • Kunnskap om krisehandtering og traumebevisst omsorg er ynskjeleg
  • Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på

Andre opplysingar:

  • Lønn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP

Søknadsfrist: 23 september 2019

Søknad med CV sendast til:
Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Postboks 188
6901 Florø

eller på e-post til:  wenche.hovland@krisesenteret.sf.no

Meir informasjon om stillinga ved å vende deg til