Krisesenteret SF - pengegave

Gudmorgåve til Krisesenteret

I samband med dåpen av dei to nye ferjene på Lote-Anda sambandet har Fjord1 donert 30.000 kroner til Krisesenteret, fortel Firdaposten i dag.

Tidlegare denne veka blei dei to nye elektriske ferjene til Fjord1 på Lote-Anda sambandet døypt etter alle kunstens regler. Gudmorgåva vart så omgjort til ei fin pengegåve til Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Gudmødrene Magni Hjertenes Flyum og Karoline Bjerkeset avgjorde kven som skulle få dei 30.000 kronene. Valet falt på Krisesenteret.

– Krisesenteret er svært takksame og set stor pris på gåva! Pengane skal brukast på best mogleg måte til det beste for alle dei valdsutsette kvinner, barn og menn som søker hjelp på Krisesenteret.

Les heile saka her FIRDAPOSTEN 15. mars 2018