Barn på krisesenter 7

Ledig stilling barnefagleg ansvarleg

Barnefagleg ansvarlig – 100 %

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit gratis døgnope lavterskeltilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vold i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Florø, men dekker heile Sogn og Fjordane

Stillinga som Barnefagleg ansvarleg er eit vikariat i 100 % frå 1. august 2017 til 1. august 2018 med moglegheit for fast tilsetting.

Hovudoppgåver:

  • oppfølging av barna på Krisesenteret
  • samarbeid med andre instansar
  • miljøarbeid
  • tilrettelegging og oppfølging av aktivitetar for barna
  • støttesamtaler med barn / føresette
  • utadretta informasjonsarbeid
  • bidra til å utvikle det barnefaglege arbeidet på Krisesenteret.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er:

  • engasjert og reflektert over eigen profesjon og rolle i arbeidet
  • lojal lagspelar som tek ansvar og bidrar til godt arbeidsmiljø
  • pliktoppfyllande, strukturert og omgjengeleg
  • løysingsfokusert og resultatorientert

Krav til kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Alder over 25 år.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førekort

Arbeidstid:

3 dagar i veka frå 07.45 – 15.15

2 dagar i veka frå 14.00 til 21.30


Personlege eigenskapar vert vektlagd

Søknadsfrist: fredag den 9. juni 2017

Meir informasjon om stillinga ved henvending på telefon 57 74 36 00 eller e-post:

dagleg leiar Wenche Hovland  wenche.hovland@krisesenteret.sf.no

eller nestleiar Ann-Sissel Tresnes ann-sissel@krisesenteret.sf.no