Ledig stilling miljøarbeider

Miljøarbeider – 100 %

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit gratis døgnope lavterskeltilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vold i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Florø, men dekker heile Sogn og Fjordane

Vi har ein ledig stilling som miljøarbeider 100 % i tre-delt turnus.

Primæroppgåve:

  • Målretta miljøarbeid/oppfølging og hjelp og støtte til bebuarar og dagbrukarar på Krisesenteret

Krav til utdanning

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå relevant arbeid er ein fordel
  • Det blir lagt stor vekt på personlige eigenskapar.

Vi ønskjer ein medarbeidar som er:

  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, men samtidig kunne samarbeide i team
  • Har sjølvinnsikt og evne til sjølvrefleksjon, samt å jobbe med eigen følelsesregulering
  • Har evne til å kunne takle krevande situasjonar og vise fleksibilitet og tydeligheit i utfordrande situasjonar
  • Er ein lojal lagspelar som tar ansvar og bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Er løysingsfokusert og resultatorientert
  • Er empatisk og omsorgsfull
  • Er over 25 år
  • Har førarkort

 


Søknadsfrist: mandag 11. september 2017

Send søknaden til:

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Postboks 188
6901 Florø

eller på e-post

Meir informasjon om stillingen ved henvendelse på telefon 57 743 60 0 eller e-post:

Dagleg leiar Wenche Hovland  wenche.hovland@krisesenteret.sf.no

eller nestleiar Ann-Sissel Tresnes ann-sissel@krisesenteret.sf.no

 

Barn på krisesenter 7

Ledig stilling barnefagleg ansvarleg

Barnefagleg ansvarlig – 100 %

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane har eit gratis døgnope lavterskeltilbod for kvinner, menn og barn som er utsette for vold i nære relasjonar. Krisesenteret er lokalisert i Florø, men dekker heile Sogn og Fjordane

Stillinga som Barnefagleg ansvarleg er eit vikariat i 100 % frå 1. august 2017 til 1. august 2018 med moglegheit for fast tilsetting.

Hovudoppgåver:

  • oppfølging av barna på Krisesenteret
  • samarbeid med andre instansar
  • miljøarbeid
  • tilrettelegging og oppfølging av aktivitetar for barna
  • støttesamtaler med barn / føresette
  • utadretta informasjonsarbeid
  • bidra til å utvikle det barnefaglege arbeidet på Krisesenteret.

Vi ynskjer ein medarbeidar som er:

  • engasjert og reflektert over eigen profesjon og rolle i arbeidet
  • lojal lagspelar som tek ansvar og bidrar til godt arbeidsmiljø
  • pliktoppfyllande, strukturert og omgjengeleg
  • løysingsfokusert og resultatorientert

Krav til kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Alder over 25 år.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førekort

Arbeidstid:

3 dagar i veka frå 07.45 – 15.15

2 dagar i veka frå 14.00 til 21.30


Personlege eigenskapar vert vektlagd

Søknadsfrist: fredag den 9. juni 2017

Meir informasjon om stillinga ved henvending på telefon 57 74 36 00 eller e-post:

dagleg leiar Wenche Hovland  wenche.hovland@krisesenteret.sf.no

eller nestleiar Ann-Sissel Tresnes ann-sissel@krisesenteret.sf.no

Stopp opp og les

Stopp opp og les!

Gjer ein forskjell til jul.

Du kan støtte Yasmin – som er svikta av alle – ved å sette inn pengar på

  • kontonr. 3705 28 88019
  • «vippse» til 472 45 678.

God jul!

Taushet tar liv – kampanjestart i Florø

Kampanjen ”Taushet tar liv” vart markert på Krisesenteret i Sogn og Fjordane 1. desember. Mange samarbeidspartar og etatar var samla til lunsj, og innlegga og  diskusjonane rundt bordet gjekk på tema ”korleis førebygge dødeleg vald i nære relasjonar”. Det er likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), som saman med Krisesentersekretariatet har fått innvilga tilskotsmidlar til kampanjen – og som inviterte til kampanjestart saman med Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

– Dette angår oss alle, anten vi høyrer til ein etat, eit politisk parti – eller er berre vanlege folk, og vi må alle bry oss, innleia Wenche Skorpen Hovland med. Ho er dagleg leiar på krisesenteret her i fylket, og gav sine samarbeidspartar gode skussmål. Vi har eit fantastisk samarbeid med Politiet sa ho, og det er mykje kompetanse i fylket. Ho la samtidig vekt på at det framleis finst ein del manglar hos enkelte når det gjeld fenomenforståing.

Manglar fenomenforståing
Wenche S. Hovland fortalde ei historie som illustrerte det som ofte kan vere ein realitet. Krisesenteret fekk ein dag telefon frå ein lensmann som ville snakke med ei dame som hadde søkt tilflukt der saman med borna sine – på grunn av grov fysisk og psykisk vald frå ektemannen. Mellom anna hadde eit av barna blitt stengt inne i fryseboksen. Lensmannen som hadde kjent husfaren i alle år fekk snakke med ho. Ho fekk ei overhøvling og beskjed om at ho måtte komme seg heim igjen, for her sat mannen hennar heilt knust. Dette vitnar om mangel på forståing  – som ofte har sin bakgrunn i at slike ting snakkar vi ikkje om – og det er utruleg at det skal vere slik i dag.

Krev havarikommisjon
Mona Larsen-Asp som er avdelingsleiar hos LDO sa i si innleiing at kvart fjerde drap i Norge er eit partnerdrap. I dei fleste tilfelle har det vore registrert vald i familien i forkant. Den viktigaste jobben vi har å gjere er å førebygge vald i nære relasjonar. Vi har utfordra justisminister Anundsen til å få på plass ein ”havarikommisjon” som trår til ved slike krisesituasjonar. Han har lovt å sette ned ei ekspertgruppe – og vi står på til det er kome på plass.

Overlever – men misser alt
Dei beskyttande tiltaka vi har i dag er besøksforbod, voldsalarm, hemmeleg adresse og såkalla kode 6 – der folk ”går under jorda”. Folk reddar livet sitt, men dei misser alt anna, sa Mona Larsen-Asp. Dei utsette – først og fremst kvinner og born –  misser det som gjer livet meining, medan valdsutøvaren går fri. Samfunnet burde heller satse på tiltak som rettar seg mot overgriparen. Fotlenke og tett oppfølging av Politiet ville vore meir effektivt. – Samfunnsoppdraget er å stogge dei som slår. No er det slik at folk må flykte frå heimen – som skal vere den tryggaste plassen ein har.

Livet går til helvete
Det er 3 personar i Norge som går med fotlenke på grunn av familievald og besøksforbod, sa Tove Smaadahl frå Krisesentersekretariatet. Samtidig er det 850 born og vaksne som lever i skjul i Norge – etter kode 6. Leiaren for Krisesentersekretariatet sa det med reine ord; Livet går til helvete for mange av desse. Ein kjem ikkje heilskinna gjennom livet når ein lever i skjul og på flukt – med ukjent adresse og identitet – og ikkje minst livet med angsten for å bli oppdaga.

Meir varetekt
Kjell Magne Barsnes frå Politiet sa at bruk av varetekt burde prioriterast meir, og så er det viktig å sikre seg informasjon tidleg når noko skjer. I Oslo har talet på partnerdrap gått ned etter at Politiet implementerte analyseverktøyet SARA – som medverkar til å avdekke og forebygge vald i nære relasjonar på eit så tidleg tidspunkt som mogleg. – Denne metoden brukar vi også her i Florø sa Barsnes, men la samtidig vekt på at ein kan bli endå flinkare. Det er ingen her i fylket som har ein såkalla omvendt valdsalarm (fotlenke). Dessverre så er det slik at brot på besøksforbod også er eit stort problem. Truleg har dette med kapasitet å gjere sa representantane frå Politiet.

Vi treng Barnehus
Gry Ommedal frå barnevernet i Florø fortalde om deira utfordringar med born som er utsette for vald. Det er tungvint og utruleg ressurskrevjande – og ei stor påkjenning for borna – å måtte reise til Barnehuset i Bergen. Vi ønskjer å få på plass eit slikt tilbod her i fylket. Siv Førde Refsnes som er styreleiar i Krisesenteret la vekt på at vi alle kan løfte i lag. Det er viktig at vi torer å snakke med borna om det som skjer – så kan vi alle gjere ein forskjell.

Still dei rette spørsmåla
Du ser det ikkje før du trur det, sa kommuneoverleg Øystein Furnes frå Førde – som også repesenterer Overgrepsmottaket i Førde. Det er ikkje så enkelt når vi alle bur i små samfunn – der alle kjenner alle. Skamma er djupt forankra i samfunnet vårt – difor er det viktig å tore å stille spørsmål. Han og fleire stilte spørsmål ved om vi er flinke nok til å stille dei rette og dei direkte spørsmåla. Ein må ha faste rutinar der ein spør uansett – ”er du utsett for vald?”

Gullstandard skal redde liv
Gode rutinar og systematisk førebygging kan hindre at valden endar med drap, sa Tove Smaadahl og overrekte ein liten koffert med ein 12 punkts gullstandard –  til Kjell Magne Barsnes frå Politiet og Karianne Torvanger frå Flora kommune. Vi krev eit skikkeleg løft i arbeidet mot vald og partnerdrap. Politiet skal sørge for at kvinner og born er trygge i eigen heim.

Politi

Et varslet drap?

Så skjedde det igjen. Natt til mandag denne uken ble en kvinne og hennes sønn drept. Ektemannen og stefaren er siktet for drapet. Kvinnen hadde planer om å flykte til et krisesenter dagen etter hun ble drept og hun hadde vært hos politiet for å anmelde den nå drapssiktede ektemannen for psykisk vold.

Krisesentersekretariatet reagerer sterkt på at den drepte kvinnen skal ha blitt avvist da hun ville anmelde ektemannen. Leder Tove Smaadahl sier at dette er grov uforstand i tjenesten dersom det stemmer og spør seg om det var et varslet drap.

Hvert fjerde drap i Norge er et partnerdrap. Mange av partnerdrapene skjer på tross av at de er varslede drap med tydelige faresignaler i tiden før drapet. Den dødelige volden mot kvinner i nære relasjoner er spesiell fordi drapsofrene nesten alltid drepes hjemme. Vi vet også at risikoen for å bli drept er størst i bruddfasen. Ifølge studien «Partnerdrap i Norge 1990–2012» av forsker Solveig Karin Bø Vatnar, hadde 71 prosent av alle drapsofrene vært utsatt for partnervold før drapet. 35 prosent, hadde vært i kontakt med politiet, slik som Pimsiri. Pårørende i partnerdrapsstudien opplevde at alvoret i situasjonen ikke ble forstått av de offentlige instansene de henvendte seg til, når de hadde meldt sin bekymring. Volds- og drapsrisiko vurderes også for lavt i hjelpeapparat fordi man tror terskelen er lav for å melde bekymring, noe den ikke er, ifølge studien.

Statistikken for krisesentertilbudene for 2015, som nylig har kommet, viser at 84 % av krisesenterbeboerne hadde vært utsatt for psykisk vold, 63 % hadde vært utsatt for trusler og 62 % hadde vært utsatt for fysisk vold. Vi vet at psykisk vold, som for eksempel trusler om drap, kan medføre høy risiko for dødlig vold i følge risikokartleggingsverktøyet SARA.

Risikokartleggingsverktøyet SARA må tas i bruk og implementeres. I tillegg må brudd på besøksforbud straks sanksjoneres. Det er viktig at alle som oppsøker politi og hjelpeapparat blir trodd og får god hjelp og beskyttelse. Offentlige tjenesteytere må bli bedre til å forhindre drap, og tenke beskyttelse i alt de gjør. Vi må forebygge slik at vi ikke opplever stadig at kvinner og deres barn blir drept av sin samlivspartner. Det er på tide at man blir tatt på alvor dersom man melder bekymring ved vold.

Artikkel henta frå Krisesentersekretariatet

Barn på krisesenter 2

Konferanse om vald og overgrep i nære relasjonar

Invitasjon til Forum for rus og psykisk helse – Konferanse om vald og overgrep i nære relasjonar Loen 11. – 12. november 2015

Fylkesmannen inviterer i samarbeid med Krisesenteret, fylkeskommunen, NAPHA, Ressurssenter mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Helse Førde, NAV, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Bergensklinikkene, KS, Rusettervernet og Mental helse til konferanse.

Tidspunkt: 11. – 12. november 2015
Stad: Alexandra hotell Loen

Tema: Vald og overgrep i nære relasjonar- Sinnemestring

Kostnader:
Konferansen er gratis, men deltakarane må dekke reise og hotellkostnader.
Fylkesmannen dekker som vanlig hotellkostnader for ein frå kvar kommune og ein frå kvar brukarorganisasjon. Dette må de sjølve avklare med hotellet.

Overnatting i enkelt rom inkl. alle måltider kr. 1230,-
Dagpakke dag 1 inkl. lunsj og kaffe/kake/frukt kr. 460,-
Dagpakke dag 2 inkl. lunsj og kaffe/kake/frukt kr. 460,-
Last ned PROGRAM for konferansen (PDF)

Påmelding:
Elektronisk påmelding innan 23. oktober via heimesida til Fylkesmannen: KLIKK HER

Støtteaksjon for Yasmin 17.9. -15

Den 17. september  var det ei viktig markering og støtteaksjon for Yasmin framfor Utlendingsnemda i Oslo, der mange gode støttespelarar hadde gode appellar.

Sjå film av Herbjørg Wassmo sin appell

Norge må ta ansvar – aksjon i Bergen:

Josetta foto Firdaposten

Endeleg kan Josetta smile – Firdaposten

Josetta van Rossum har fått god hjelp frå Nav og Krisesenteret til å komme gjennom ei tøff tid. No ønskjer ho takke dei.

Les artikkel i Firdaposten 31. august 2015

Yasmin skal bli i Norge

Delta i aksjonen Yasmin skal bli i Norge, skriv deg inn på oppropet her:

http://www.opprop.net/yasmin_skal_bli_i_norge

Fleirspråkleg brosjyre 2013

Fleirspråkleg brosjyre